
Strategisk rådgiving
Mi rådgivingsteneste startar med ein grundig gjennomgang av korleis verksemda står i dag, og kva mål de har framover.
Eg hjelper dykk å optimalisere arbeidsmetodar slik at de kan ta betre grep om inntening, trivsel og fråvær.
_____________________________________________________________
Saman tar vi ein fot i bakken og kartlegg styrkar og svakheiter.
Med lang erfaring i å byggje sterke team, hjelper eg verksemder å skape vekst og suksess gjennom strategisk tenking.
Ei resultatorientert tilnærming – med dei tilsette i fokus – er nøkkelen til å lykkast.
Eg tek den "tunge" praten ein ofte har utsett for lenge – for vi veit alle at det er morgondagen som gjev avkastning.

Forretningsutvikling
Mitt bidrag innan forretningsutvikling har fokus på å identifisere og ta i bruk utprøvde gode strategiar.
Eg hjelper deg og bedrifta med å finstille personellet og system - slik at verksemda di kan oppnå større lønsemd og berekraftig vekst
Eg har i løpet av 30 år vore med å omstrukturere drift, både i små og store bedrifter, og i forskjellige avdelingar i organisasjonen. Først og fremst med bruk av prinsippet "rett mann/kvinne på rett plass".
Nokre gonger har menneska og strukturar grodd seg fast, så fast at endring ikkje lar seg gjennomføre. Ofte fordi tilsette med innflytelse stagnerer organisasjonen.
Det krev mot å handtere slike situasjonar på ein ryddig og strukturert måte. Dette er likevel ein viktig del av bedriftsutviklinga, og derfor ein del av det eg kan hjelpe til med.

Interimleiar
Interimleiing betyr i praksis å engasjere ein erfaren leiar med dokumenterte resultat til å ta ansvar i ei endringsprosess, krise eller prosjekt – eller for å dekke eit kritisk kompetansegap i organisasjonen.
Godt leiarskap kan vere avgjerande for bedriftas framgang. Som midlertidig leiar i bedrifta, blir eg ikkje påverka av den interne dynamikken. Eg vil ha nye "auge" på bedrifta, og vil kunne sjå kva for aspekt av drifta som treng mest hjelp.
Godt interimleiarskap krev ferdigheiter og mot.