Om meg

Eg trivst aller best når tempoet aukar og utfordringane står i kø. Då kjem kreativiteten verkeleg til sin rett – og eg sørger alltid for å levere til avtalt tid, uansett kor krevjande situasjonen måtte vere. Effektivitet og presisjon er nøkkelord i mitt arbeid – me driv butikk, og resultat tel. Riktig bemanning, god planlegging og klare mål gjer at me får mest mogleg ut av kvar einaste dag.

Eg meiner at alt alltid kan gjerast betre. Ein skal aldri slå seg til ro eller tru at ein har funne den endelege løysinga – for då stagnerer utviklinga. Forbetring handlar om å vere open, nysgjerrig og villig til å sjå ting frå nye vinklar.

Leiarrolla tek eg på stort alvor. Eg er opptatt av å fange opp om medarbeidarane mine trivst og yter sitt beste. Eg har høge forventningar til dei eg jobbar med – ikkje for å presse, men for å gi eigarskap og ansvar. Når folk føler seg viktige, yter dei meir, og då oppstår eit miljø der alle er løysingsorienterte og tek initiativ. Ansatte må ha tydelige mål og samtidig rom til å være fleksible, her må arbeidsleiar alltid vere i forkant.

Respekt for kvarandre og ei sterk lagkjensle er fundamentet. Me skal løyse utfordringar saman – og me skal alltid vidare. Resultatene skaper vi saman – aldri aleine.